Forsiden|Referanser|Tryggheim barnehage, Nærbø

Tryggheim barnehage, Nærbø

Skrevet av Svanhild Taksdal Søiland, Dagleg leiar

Liv Berit Heimstad Tønnessens undervisning har satt spor. Ei meir brennande, inspirerande og faglig dyktig dame er vanskeleg å finne.

Liv Berit fenger oss alle i måten ho formidlar, rører ved strenger hjå den einskilde som får fram både latter og tårer. Ei meir brennande, inspirerande og faglig dyktig dame er vanskeleg å finne. Det at ho gir så mykje av eigne erfaringar resulterer i at me kan seinka skuldrene og faktisk kjenna oss “gode nok”.

“Eg ser……”

Dette utsagnet finn me på veggene rundt omkring i Tryggheim barnehage på Nærbø. To små, viktige ord. Dei rommar både kjærleik og omsorg samtidig som ein syner respekt for barnet sin integritet og sjølvverd. Liv Berit Heimstad Tønnesen har gjennom personalkurs, observasjon i barnehagekvardagen med påfølgjande veiledning på kvar avdeling, bl.a. gitt oss dette som eit utgangspunkt i møte med barna. Så kort sagt: “Ho har sett spor med to små ord.”

Me vart inspirerte av Liv Berit etter eit felles-kurs for alle NLM-barnehagane her på sørvest-landet. Dette resulterte i kursing av både personal og foreldre i eigen barnehage. Liv Berit var òg med på eit foreldremøte som me fekk utruleg mykje positiv tilbakemelding på.

”Det var eit kjempebra foreldremøte i går. Høyrte fleire som skrøyta i gangane, mange som sat med tårer i augekroken. Ho kan du veldig godt bruka fleire gonger! Dyktig!!! :)”